Ta en titt...
Dikt »

Stoisk står dei to i gråblå morgondis Ho måler han, han ho Gjallande trompeter fanfarar i kjærleiksbud frå vide myr til høge nutNatur

  20.03.2015 23:11, by , Categories: Natur

 

 

DOKKFLØY

 

Ange av gamalskog Eim av mòse og lav

Skogstilla luktar ro Tusenåra står stille her

Einaste levestad for liten raud skoglemmen.

 

OH

 

 

 

 

TRANEDANS

 

Stoisk står dei to

i gråblå morgondis

Ho måler han, han ho

Gjallande trompeter fanfarar

i kjærleiksbud

frå vide myr til høge nut

 

OH

 

 

 

ELVA

 

Djupsvart av

myr

Suset frå gammalskog

blandar seg

med elvas

grunntone

Ein livsnærve

med budskap

frå

gamal tid

Lytt til ho 

og hør

forteljinga om

forfedrane våre

Slik vil elva og

om tusen år

fortelja

vår historie

Gamaltid svinn

og

ny tid

tagnar

Elva tagnar

aldri!

 

OH 

 

 

 

 

 

MYRA

 

Dampar ange

av årtusener

Generasjoner og livberging

Tett ved bredda

bosettjarane

Her var vatn

med fisk, skogar

med

elg og hjort

fangstgraver og bogestelle.

 

 

OH

 
 
 
 
 
LITEN KVIST
 
Stille morgonstund
mot
solrenning
 
Over åsane 
i aust fargast
skogane 
av
tidelg haust
 
Stilla står tung
og
ein kvist fell
ljosflomm
 
I
Dørgstilla ljomar
ekko frå
kvisten gjennom
skogane
mot
seine kveld.
 
 
Du og eg
ligg under fell
og lyttar til
stilla
frå skogen
då du
kviskrar meg
varsamt 
i øyre:
Vil du
elska med
meg
kveld?
 
OGH
 
 
 
 
 
This entry was posted by and is filed under Natur.

1 comment

User ratings
5 star:
 
(1)
4 star:
 
(0)
3 star:
 
(0)
2 star:
 
(0)
1 star:
 
(0)
1 rating
Average user rating:
*****(5.0)
Comment from: [Member]
*****

Diktet er redaksjonelt kategorisert slik:

Med idè frå StateOf Globe`s artikkel om MYRA, ble dette diktet til.
Diktet har etisk, episk og knnskapsmessig bredde og står seg som normen for naturdiktene dere vil finne her i NATUR USKRIVE!

IP

24.03.2015 @ 13:52


Form is loading...

Blogger om

Det skal utgis tre diktsamlinger - smakebiter fra de kommende utgivelsene får du her.

Søk

free blog software
 

This collection ©2019 by Olav G Haverstad

Contact | Help | Blog theme by Asevo | blog software | webhost